– Søndag klokka 08.58 fekk me melding frå ein bilist som hadde køyrd på ei svane på Hanasandveien, fortel politikontakt Svend Erik Ellingsen:

– Svana levde framleis, men bilføraren sa ho måtte vidare for å rekka ei ferje.

Viltnemnda blei varsla. Dei reiste ut, og svana blei avliva, får Øyposten opplyst.

Påkøyrsla skal ha skjedd på strekninga mellom Hanasand og Eltarvåg.

Natt til søndag stoppa politiet ein promillekøyrar på Rennesøy.

– Klokka 01.22 natt til søndag stoppa me ein bil på Rennesøy der føraren blåste til over lovleg verdi. Føraren, ein mann i 40-åra, blei tatt med til legevakt for blodprøve og blei midlertidig fråteken førarkortet, seier Ellingsen.

Han vil ikkje sei nærare kor på Rennesøy det er tale om.