Tiltaket gjeld husstandar som ønskjer å skifte ut vindauge frå før 1987, og ein kan få støtte på 2000 kroner per vindauge, men maks 60 prosent av kostnad. Maksimal støtte per husstand er 10.000 kroner.

Å skifte ut eldre vinduer til tettere vinduer vil redusere energiforbruket til oppvarminga og spare miljøet, skriv Stavanger kommune på nettsidene sine.

Meir om ordninga kan du lese på denne lenka.

Her kan du til dømes lese om kven som kan søke, kva slags krav som stillast til vindauga for at du skal få støtte og korleis du søker.

Det er sett av fire millionar kroner frå Klima- og miljøfondet til støtteordninga.

Dette er berre eit av fleire tiltak som kommunen tilbyr for å hjelpe folk å ta miljøvenlege val. Andre tiltak er støtte til elsykkel og piggdekkpant.

Du kan søkje om støtte til nye vindauge fram til 24. mai klokka 12.