Eit einsleg køyretøy på Mosterøyveien fekk eit hjul utfor kanten av vegen og hamna ned ei skråning. Det var ein person i bilen, ein mann, og han framstod som uskadd, melder politiet.

Mannen blei avhøyrt på staden. Politiet opprettar sak, men har ikkje mistanke om promille, får Øyposten opplyst.

Førar ordna sjølv med bilberging, og trafikken blei ikkje påverka.

Dagen før, torsdag ettermiddag, var det eit mindre trafikkuhell mellom ein lastebil og ein personbil på ferjekaien i Mortavika. Dei to førarane kom i krangel og begge ringte politiet, men saka blei løyst med skademelding, melder politiet.

Kart som viser Mosterøyveien: